Likar du å jobbe med barn og vil legge til rette for mestring? Gut på 9 år søker etter deg!
Job Overview
📍 Arbeidsgiver: Mio BPA
📅 Tiltredelse: Snarest
📌 Stillingstype: Fast
⏰ Arbeidstid: Kveld
Hei!
Eg er ein aktiv og kreativ gut på 9 år som bur på Stord saman med familien min. Eg elskar å vere i aktivitet – gå tur, sykle, køyre båt og fiske. Heime likar eg å spele basketball, bordtennis og hoppe på trampoline. Eg er glad i å lage ting og bake, og på fritida går eg på symjing og bordtennis. Av og til reiser eg på turneringar og treningssamlingar, så det skjer mykje kjekt i kvardagen min!
Eg er som 9-åringar flest, men eg har nokre utfordringar som gjer at eg treng ekstra bistand. Eg har Cerebral Parese, som påverkar høgre sida av kroppen min, og i tillegg har eg diabetes type 1 og epilepsi. Eg nyttar hjelpemiddel som sykkel, manuell og elektrisk rullestol ved behov. Du må hjelpe meg med daglege gjeremål, handtering av diabetes og medisinsk utstyr, og vere med meg på fritidsaktivitetar og sosiale samanhengar.
Stilling og arbeidstid:
- Fast deltidsstilling, ca. 10–15 timar per veke, med moglegheit for ekstra vakter.
- Arbeidstid er hovudsakleg tysdag og torsdag kl. 15:00–20:00, samt enkelte helger.
- I feriar og på planleggingsdagar kan det bli dagvakter.
Arbeidsoppgåver
- Vere med meg på sosiale aktivitetar som bursdagar og vennebesøk
- Tilrettelegging i leik og aktivitetar
- Følgje meg på bordtennistreningar og eventuelle turneringar
- Enkelt husarbeid og matlaging
- Motivere meg til å klare ting sjølv
- Handtering av diabetes og epilepsi med tilhøyrande medisinsk utstyr
- Personleg stell
Personlege eigenskapar
- Glad i barn og positiv
- Flink til å aktivisere og ta initiativ
- Ynskjer å lære meg å kjenne og lese mine behov
- Tilpassingsdyktig og forståelsesfull
Kvalifikasjonar
- Personleg kjemi er det aller viktigaste
- Lærevillig
- Førerkort klasse B
Ved spørsmål angående stillingen, kontakt rekrutterer Lars Tore Dystvold på epost: [email protected]. Søknader sendes inn via eget søknadsskjema.
Vi tilbyr:
- En meningsfylt jobb
- Erfaring fra helse- og omsorgssektoren
- Lønn etter tariff: Timelønn 225,40,-, kveldstillegg på 60,- og helgetillegg på 57,-
- Teoretisk og praktisk opplæring, i tillegg til relevante kurs
- Tett oppfølging med BPA-koordinator
- Fordelsportal med rabattavtaler på blant annet hotell, hvitevarer, nettbutikker etc.
Make Your Resume Now